Konsert med Vita Vitae


Velkommen til konsert med Vita Vitae i Klepp Kyrkje 22. mars kl 20:00.
Biletter: 200 / 100 (barn/student)

 

A cappella-koret Via Vitae består av unge vaksne, frå 18 år og oppover, som bur rundt om i heile Norge. Mellom songarane fins både musikkstudentar og gode amatørar. Alle deler gleda over å syngje på eit høgt nivå i eit sosialt og humørfylt fellesskap. Koret sitt namn, Via Vitae, tyder livets veg på latin. Koret vart stifta i 2004, med utspring frå Ung Kirkesang sin korsommarskule.


Via Vitae held konsertar omtrent fem gonger i året. Som regel er det i ei kyrkje ein eller annan stad i Norge, men ein gong i mellom òg i utlandet. Koret har mellom anna besøkt byar som Oslo, Stavanger, Bergen, Kristiansand, Alta og Harstad, mindre stader som Førde, Moss, Tingvoll og Rakkestad, og delteke på musikkfestivalar som Europa Cantat i Pécs i Ungarn (2015), og Tallin i Estland (2018), og så har koret delteke på Jakobs Dagar i Jakobstad i Finland (2011).

Tilbake