Trosopplæring - Stein på stein

Stein på stein vil at trusopplæringa skal bygga ei levande Kristustru i barn og unge på Klepp. Vi ønskjer at alle døypte mellom 0 og 18 skal oppleva at dei blir sett, høyrt og teke vare på gjennom trusopplæringa. Ved å legga stein på stein vil vi gje næring til ei tru som kan vara livet ut.

 

Sett:

  • Vi vil at alle skal bli involvert slik at dei er deltakarar og ikkje tilskodarar
  • Vi vil at ungane skal oppleva at dei høyrer til i fellesskapet.
  • Vi vil at kvar enkelt unge skal bli møtt og sett i det dei kjem.

 

Høyrt:

  • Vi vil tilrettelegga trusopplæringa slik at vi møter kvar enkelt sine behov,
    slik at trusopplæringa er for alle.
  • Vi vil gje rom for undring og samtale slik at deltakarane får lov til å uttrykke tru, tvil og undring

Bevart:

  • Vi ønskjer eit trusoplæringsarbeid som gjer barn og unge til ein del av kyrkjelydsfellesskapet.
  • Vi ønskjer å formidla ei tru som gjer at barna blir bevarde i trua dei vart  døypte til.
  • Vi vil gi barna Jesus som ein grunnvoll i livet.
17. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Klepp Kyrkjelyd Powered by Agrando