Plannemnd for ny kyrkje oppnemd
Plannemnd for ny kyrkje oppnemd

Klepp kyrkjelge fellesråd oppnemnde på sitt møte den 10. juni ei plannemnd for ny kyrkje på Klepp.

Plannemnda består av: Leif Solberg, Livar Salte, Maria F.B. Sikkeland, Svein Olav Nesse, Ivar Sletttebø og kyrkjeverjen. I tiilegg ynskjer fellesrådet at Klepp kommune stiller med 1-2 personar.
Plannemnda har dette mandatet:
 

1.   Kyrkjeleg Fellesråd gjev Plannemnda i oppdrag å utreda spørsmålet om ny kyrkje i Klepp sentrum. Nemnda legg til grunn det arbeid som er gjort i høve til den gamle kyrkja både av Klepp kommune og av Riksantikvaren. Det vidare arbeidet kring plasseringa vert gjort i nært samarbeid med Klepp kommune.

 

2.   Plannemnda legg også til grunn det arbeid som til nå er gjort kring behov, størrelse og funksjonar. 

 

3.   Plannemnda utarbeidar grunnlagsmateriale for vedtak og godkjenning i kyrkjelege og kommunale organ.

 

4.   Den endelege Funksjons-  og romplan vert lagt til grunn for arbeidet med ein arkitektkonkurranse.

 

5.   Plannemnda har fullmakt til å gjennomføra ein arkitektkonkurranse etter reglane i «Offentleg Anskaffelse»

 

 

6.   I samarbeid med Klepp kommune og Kyrkjeleg Fellesråd oppnevner plankomiteen ein jury på 5 personar.  Saman med dette ein sekretær for juryen.

 

 

7.   Plannemnda vurderer  vedtaket frå juryen og gjev skriftleg innstilling om vinnar av arkitektkonkurransen. Før endeleg vedtak i Kyrkjeleg Fellesråd, bør Klepp sokneråd få uttala seg.

 

8.   Skisseprosjekt/Forprosjekt.

 Kyrkjeleg Fellesråd gjev, etter at prosjektet er godkjent for bygging av kyrkjelege og kommunale  organ, plannemnda i oppdrag til å arbeida fram eit Skisseprosjekt og sidan Forprosjekt. Fellesrådet  gjev nemnda fullmakt til å engasjera naudsynte konsulentar.

 

 

9.   Det utarbeidde Forprosjektet vert oversendt dei rette instansar for godkjenning.

 

10. Ein gjev Fellesrådet og Klepp kommune skriftleg orientering minst ein gong i kvartalet

 

11. Fellesrådet ber nemnda leggja opp til informasjon kring prosjektet i kyrkjelydsbladet og i media.

 

 

 

 

11. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Klepp Kyrkjelyd Powered by Agrando